Framsida

Kultur


Kulturbruk 44/4 er eit gammalt gardsbruk på 500 mål. Eigedommen går som eit band frå kyst til kyst tvers over øya. Sidan 1995 har vertskapet utvikla det tidlegare melkebruket med gardsnr. 44 og bruksnr. 4 til Kulturbruk 44/4. Framleis er det sauer og beitedrift på garden, men i driftsbygningen har folk teke over etter fe.

Bak låvedøra finn du eit moderne kurs- og konferansesenter. Kalvegarden er bygd om til møterrom.

Ein silo blir brukt til klatrevegg, den andre er gjort om til eit ettertankens rom under Melkeveien. Og frå toppen av låvebrua er det panoramautsikt over heile Byfjorden – med månen til lys.

I fjøset er det åtte dobbeltrom med bad for komfortabel overnatting.





Kontakt: Inger Lise Bru og Magnus Jansen Bru
Tlf. 95 25 71 71/93 00 47 20