Framsida

Samarbeidstrening


Kulturbruk 44/4 har i 20 år tatt i mot grupper som vil bli utfordra på samarbeid og kommunikasjon. Aktivitetane skjer ute – og varer vanlegvis ein dag. Ei 80 meter lang hinderløype oppe i trea, element i naturen og klatresiloen er nokre av verktøya vi nyttar til å utvikle oppgåveløysing i fellesskap. I tillegg kjem korte samtalar i tråd med målsetting for dagen.

Steinhuset i Stølsura
På ei høgde med utsikt til Utstein Kloster har vi bygt eit rundt steinhus med åpen ljore og bål i midten. Her kan vi servere varm mat eller de kan grille medbrakt. Steinhuset rommar 40 personar. Ved overnatting er det plass til 20 rundt bålet.

Stølsura er eit frodig område som inviterer til leik, klatring og ballaktiviteter. Steinhuset kan gjerne leigast til eigne arrangement.

Klatresilo
I siloen er det ni klatreruter, to med overheng. Rutene er åtte meter høge og vanskegraden varierer. Vi har klatresko og -selar for store og små.





Hinderløype
I Julatreskogen har vi ei 80 meter lang hinderløype oppe i trea. Denne kan brukast til samarbeidstrening og leik.