Framsida

Fest og sånn


Kulturbruk 44/4 har ein flott selskapslåve.
Den høver særleg godt til bryllup og konfirmasjon
eller andre markeringar.
På låven kan nær 100 gjester får plass kring borda.
Her er også mindre festtrom for grupper på rundt 25 personar.
Romma er stilreine og lyse,
i kontrast til storslått utsikt over hav og kulturlandskap.

Kulturbruk 44/4 er prega av det landskap vi ligg i.
Pynting ute og inne  skjer i tråd med årstid
og det  naturen har å by.
Fagutdanna blomsterdekoratør
står for pynting til alle typar selskap.

Kulturbruk 44/4 har eigne servitørar,
erfarne kokkar står for matlaging.
Servise og interiør er av høg standard.
Langbord eller småbord etter gjestene sitt ønske.





Kontakt: Inger Lise Bru og Magnus Jansen Bru
Tlf. 51 72 41 59/93 00 47 20